Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk
Fra Wikipedia, den frie encyklopedi
fra da | til da | fra nn | til nn | fra sv
Ukens artikkel på nynorsk er en bolk hovedsiden som blir oppdatert en gang i uken med de første avsnittene fra en utvalgt artikkel fra Nynorsk Wikipedia sammen med et bilde.
Den nåværende versjonen av denne bolken på hovedsiden er:
Romferja Columbia var den første romferja som vart teken i bruk av den amerikanske romfartsorganisasjonen NASA. Bygginga av Columbia (1975 - 1979) gjekk føre seg hovudsakleg i Palmdale i California. Denne første ferda med romferja Columbia fekk ferdsnamnet STS-1, ei forkorting av Space Transportation System 1. To astronautar vart skotne opp med romferja den 12. april 1981, på tjueårsjubileumet for menneskeleg romfart.
Om morgonen den 1. februar 2003 var Columbia på veg tilbake til Jorda etter ein 16 dagars lang ferd. Omlag eit kvarter før romferja var planlagt å lande i Florida, mista NASA radiokontakten med romferja. Video-opptak viste at Columbia gjekk i oppløysing over Texas. Både romferja og heile mannskapet gjekk tapt. Ein bit frå drivstofftanken som hadde treft og skada vingen på Columbia, fekk skulda for ulykka.
Romferja Columbia flaug 28 romferder, hadde over 300 dagar i verdsrommet, fullførte 4808 gonger rundt jorda, og flaug over 200 millionar km totalt. Les meir …
Neste ukes bolk er:
Hillél (ca 70 fvt.–10 evt.) var ein jødisk religiøs leiar og lærar. Han er ein av dei mest vørdte historiske figurane i jødedommen.
Hillél var født i Babylonia i det 1. hundreåret fvt. Familien hans var ætta frå Kong David og han studerte hjå dei mest vidgjetne jødiske lærarane («darsjaním») i dei dagane. Hillél blei snart den fremste av alle studentane. Kunna hans var så djup at alle leiarane av akademiet, «Bene Bathyra», gjekk av til fordel for han. Han blei kjent som den høgaste av alle farisearane, og var i praksis andeleg leiar over alle jødar i resten av livet sitt.
Mellom anna sa han: «Det som du misliker, gjer ikkje det mot nesten din. Dette er heile lova; resten er merknader. Gå no og lær!»
Hillél påverka den jødiske livstilen i stor grad, og den jødiske tradisjonen ser han som eit sinnbilete på korleis ein religiøs leiar må framføre seg. Han sette den jødiske tradisjonen fri frå bokstavleg og streng tolking, og gav jødedom styrken til å overleva alle vanskane som religionen måtte takla i framtida. Les meir …
Artiklene må legges inn på
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke (U)U, ÅÅÅÅ fra m:Skanwiki/Vekas artikkel/Veke 2, 2009.
(bytt ut (U)U med et- eller tosifrede uketall og ÅÅÅÅ med firesifra årstal). For øyeblikket gir dette følgende resultat:
Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 2, 2009.
Disse blir da automatisk lastet opp på hovedsiden når den nye uken starter (midnatt, natt til mandag). De trenger ikke arkiveres, ettersom dette skjer automatisk.
Gå til nn:Wikipedia:Vekas artikkel for å finne ut mer om ukas artikkel på nynorsk og hva du må gjøre for å foreslå en ny kandidat.











/
/ 

























